Moder Svea er ei kvinneleg lekamleggjering av Sverige. Ho blir gjerne framstilt som ei kraftfull skjoldmøy, oftast med ei eller to løver. Ein finn fleire framstillingar av Moder Svea i Sverige, mellom anna ein statue ved Riksdagshuset i Stockholm.

Moder Svea, staty av Alfred Nyström i Berga i Linköping.
Ei sovande Moder Svea og oppdagaren Sven Hedin i ein vitseteikning frå 1913.

Moder Svea blir rekna for å ha blitt skapt i 1672 av Anders Leijonstedt i diktet «Svea Lycksaligheets Triumph», men blei først utbreidd gjennom «Kunga-Skald» av Gunno Dahlstierna frå 1698.[1] Namnet er avleidd av Svea rike, eit anna namn på Sverige. Svea er seinare blitt eit svensk kvinnenamn.

Historisk har symbolet vore mykje brukt i nasjonalistisk propaganda, seinare òg i politiske avisteikingar. I åra 1890-1963 var Moder Svea avbilda på svenske setlar av ulike valørar. Desse «Sitjande Svea»-setlane gjekk ut av sirkulasjon 31. desember 1987.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Moder Svea