Skjoldmøyer (norrønt skjaldmær) var kvinner skildra i norrøn litteratur som slåst som krigarar på lik fot med menn. Dei mest kjende skjoldmøyene var Hervor i Hervors saga og Brynhild i Volsungesaga. Valkyrjene var Odins kvinnelege dødsvette som samla inn daude krigarar, og desse vart òg skildra som «Odins skjoldmøyer».

Hervors død av Peter Nicolai Arbo.

Historiske vitnemål endre

 
Valkyrie av Peter Nicolai Arbo

Det norrøne samfunnet i mellomalderen som dei fleste andre samfunn hadde klåre skilje mellom rollene til menn og kvinner, men før kristendomen vart innført hadde kvinner på mange område ei markant stemme i samfunnet og i den norrøne mytologien, og kvinner vert ofte framstelte som sterke og stridbare i litteraturen. Kvinner vart respekterte, særleg jo eldre dei vart, og kvinnegraver var like velutstyrte som mannsgraver. Tydinga kan ofte ha vore symbolsk.[treng kjelde] Kvinner valde ofte ektemannen sin og hadde rett til å skilja seg, ein rett som vart oppheva med kristendomen.[treng kjelde]

Det er få bevis som tyder på at kvinnelege krigarar, Nordens amasoner, var eit utbreitt fenomen. Likevel kunne det unnataksvis henda. Det er endå uklårt i kva for ein grad legendene speglar ein historisk røyndom.

Det er få historiske vitnemål om at kvinnene i vikingtida tok aktiv del i krigføringa, men den bysantinske historikaren Johannes Skylitzes skriv ned at kvinner kjempa i slag då den norrøne herskaren av Kiev gjekk til åtak på bysantinarane i Bulgaria i år 971 . Då nordbuarane hadde gått på eit knusande nederlag var dei østromerske sigerherrane overraska over å oppdaga væpna kvinner blant fienden sine falne krigarar. At kvinner så vel som barn var med på felttog var likevel ikkje uvanleg då ein alltid var avhengig av å ha med seg tren for å kunna halda ein hær med forsyningar på større hærferder. Propaganda-elementet hos Skylitzes skal heller ikkje undervurderast, fienden vert òg omtalt som barbarar. At kvinner vert nemnde i same åndedrag kan skulda ein intensjon om å teikna eit dårlegare bilete av fienden.[1]

I samsvar med Soga til Eirik Raude skal Leiv Eiriksons gravide syster Frøydis Eiriksdatter i Nord-Amerika ha vist heroisk framferd i møte med valdeleg fare. Då den norrøne busetjinga vart angripen av skrælingar tok mennene skrekken og flykta. Frøydis skal då ha gripe eit sverd, blotta brysta og slått flatsida av sverdet mot brysta. Då vart skrælingane redde, laupte til båtane sine og rodde vekk.

Arkeologiske spor endre

 
Helge Hundingsbane og Sigrun (1919) av Robert Engels.

Arkeologiske spor viser at dei gravgåvene som følgde dei daude var mannlege gjenstandar for menn (som sverd og skjold) og kvinnelege gjenstandar for kvinner (som spinnehjul og steikespade), men det er òg vorte avdekt spyd og skjold i kvinnegraver, blant anna i England. Det er òg høve for at det eksisterer ein del feilkjelder i tidlegare arkeologi då graver med våpen automatisk vart tolka som mannsgraver og utan DNA-analysar treng ein å stadfesta slike graver med ytterlegare analyse. Det var vanleg å ha med seg tren på felttog, og at kvinner og barn inngjekk i kolonisering.[2]

Litterære spor endre

I sogelitteraturen, som i Hervarar saga, og i Gesta Danorum av Saxo Grammaticus er det forteljingar som vitnar om kvinnelege krigarar. Brynhild er nemnd i Bósa saga ok Herrauds; den svenske prinsessa Tornbjørg i Hrólfs saga Gautrekssonar; og Hed, Visna, Veborg og Lagertha i Gesta Danorum. Den norsk-svenske forfattaren Lars Magnar Enoksen i boka Vikingarnas stridskonst meiner at kvinnelege krigarar var ein realitet.

I det legendariske slaget ved Bråvalla i Østergøtland skal etter sigande fleirfaldige kvinner ha delteke på den danske sida av slaget, 300 skjoldmøyer i samsvar med Saxo. Skjoldmøyer finst òg i forteljingar hos andre germanske folkeslag; gotarar, kimbrar, og markomannarar.[3][4]

Adam av Bremen som hadde Svein Estridsson som kjelde, utan at danskekongen er nokon garanti for korrektheit, nemner ei forteljing om eit kvinneland:

«Likeså fortelles man at det bor amasoner ved det baltiske havets kyster. Landet kalles nå for Kvinnelandet. Noen påstår at de ble gravide ved å drikke vann. Andre forteller at de ble gravide med barn ved forbipasserende kjøpmenn og med slike som de holdt fanger hos seg, eller med andre selsomme vesener som det finnes godt om der, og desslike som jeg finner mer troverdig. Når de nedkommer blir det mannlige avkommet vesener med hundehoder mens de fødes som hunkjønn blir meget vakre kvinner. De lever sammen og unngår omgang med menn, og om slike kommer dit, jager de dem mannhaftig vekk».[5]

Den russiske Nestorkrønika frå 1100-talet har òg ei forteljing om ei kvinneøy som kan ha same opphav som Adam av Bremens forteljing: «Blant amasonane finst det ingen menn». Den svenske forskaren Bertil Wahlquist meiner desse forteljingane kan ha ei truverdig kjerne, og går så langt som å føreslå to øyer utanfor Estland.[6]

Referansar endre

  1. Harrison, D. & Svensson, K. (2007): Vikingaliv. Fälth & Hässler, Värnamo. ISBN 978-91-27-35725-9. Side 71
  2. Nayland, Carla: Role of women in historical fiction set in Anglo-Saxon England
  3. Enoksen, Lars Magnar: Enoksen, Lars Magnar: Vikingarnas stridskonst, 2004, side 294f og s. 314. ISBN 91-85057-32-0
  4. Artikkelen Sköldmö i Nordisk familjebok (1917).
  5. Omsett og sitert etter Ingelman-Sundberg, Catharina, 2002
  6. Ingelman-Sundberg, Catharina: Boken om vikinarna. Stockholm 2002. ISBN 91-518-3317-4. Side 210-212.