Moderat bokmål er ei vanleg nemning på det bokmålet som ikkje vert kalla radikalt og som står nær riksmål og den danske språktradisjonen i Noreg. Moderat bokmål nyttar riksmålsformer der desse er tillatne i bokmål og er i stor grad overlappande med riksmål (særleg etter reformene i bokmål i 1981 og 2005), med berre små detaljar i grammatikk og rettskriving som skil dei frå kvarandre (som mellom britisk engelsk og amerikansk engelsk). Den andre tradisjonen innan bokmål, radikalt bokmål (og det planlagde språket samnorsk), står nær nynorsk og den dialektbaserte språktradisjonen i Noreg.