Moelva i Ringsaker
elv i Innlandet
Moelva er ei elv i Ringsaker kommune i Innlandet.
Elva startar i søraustenden av Næra, renn med stridt løp sørvestover og munnar ut i Mjøsa i nærleiken av garden Mo. Sjølv har ho gjeve namn til tettstaden Moelv ved utløpet. Elva er 12–18 m brei, og vart tidlegare utnytta av flreire industrielle anlegg.
Moelva er verna med omsyn til Verneplan I for vassdrag.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.