Mogens Wieth
Mogens Wieth (16. september 1919–10. september 1962) var ein dansk skodespelar. Frå debuten i 1939 var han den unge hovudkrafta ved Det kongelige Teater, frå 1955 særleg ved Det Ny Teater, og var den største lyrisk-dramatiske skodespelaren i sin generasjon i dansk teater. Blant rollene hans var Shakespeare sin Othello, Peer Gynt og hovudrollen i Kjeld Abell sin Den blå pekingeser. Wieth gjesta 1952 Nationaltheatret i Oslo som Gregers Werle i Vildanden og Schubert i Jomfruburet. I 1953 spelte han Helmer i Et dukkehjem på engelsk i London, 1961 Niels Lykke i Fru Inger til Østråt i norsk fjernsyn.
Mogens Wieth | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 16. september 1919 København |
Død |
10. september 1962 (42 år) |
Yrke | skodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, filmregissør |
Språk | dansk, engelsk |
Far | Carlo Wieth |
Mor | Agnes Thorberg Wieth |
Ektefelle | Lily Weiding |
Wieth var verksam både i dansk og internasjonal film og medverka mellom anna i Alfred Hitchcock sin The Man Who Knew Too Much (1956). Han var òg ein glimrande kabaretkunstnar. Han avslutta karrieren sin som ein meisterleg Higgins i My Fair Lady.
Kjelder
endre«Mogens_Wieth» i Store norske leksikon, snl.no.