Mogholsk er eit mongolsk språk som tidlegare vart snakka i Herat i Afghanistan, i landsbyane Kundur og Karez-i-Mulla. Mogholsk vart snakka av folkegruppa mogholar, som bestod av 3 000 medlemmar i 1970-åra. Dei nedstamma frå restane av den mongolske hæren til Dsjengis Khan, som hadde tilhald i Afghanistan på 1200-talet.[2]

Mogholsk
Mogholi
Klassifisering Altaisk
 Mongolsk
Bruk
Mogholsktalande i alt 200 (2003[1])
Språkkodar
ISO 639-3 mhj
Glottolog mogh1245

På 1970-talet gjorde den tyske språkforskaren Michael Weiers eit feltarbeid på språket. Få personar snakka det, dei fleste av dei passivt og dei fleste var eldre enn 40 år. Det er uvisst om det enno er attlevande talarar av språket.[3]

Språket har hatt mykje påverknad frå persisk med omsyn til fonologi, morfologi og syntaks, noko som fekk Weiers til å seia at det gav inntrykk av å vera eit sentralasiatisk kreolspråk.[3]

Skrift endre

Historisk blei mogholsk skrive med arabisk skrift. Moghollitteratur ein kjenner til omfattar muslimske tekstar, poesi, mogholsk-persiske ordlister og mogholske grammatikkar.[4]

Døme endre

Weiers skreiv ned det følgjande dikte av mogholdiktaren Abd Al-Qadir.

Weiers' Moghol text:
Dotanamni dog baina
Hawoi ukini aimag baina
Nesoni ugunambi agar toni baiji
Mota giri qara qurgani baina.
Ekimni dard kina halmini geibe
Bemoor boljambi kam khormini geibe
Bemoor boljambi kam khormini khodai jaan
Ena bemoreztu parwoimini geibe.
Engelsk omsetjing frå Weier si tyske:
Inside my heart there is a wound
The girl I search and long for is of the Aimaq tribe
One sign I give you, if near her you happen to be
Know that in her ger (yurt) there is a black lamb
My head hurts, my condition is bad
I'm sick and do not care
I'm sick, but my concern is the love of God
This disease I give (therefore) no attention.


Kjelder endre

  1. «UNESCO Atlas of the World's Languages in danger». www.unesco.org (på engelsk). UNESCO. Henta 1. januar 2018. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 31. mai 2019. Henta 12. april 2014. 
  3. 3,0 3,1 * Michael Weiers. 2003. "Moghol," The Mongolic Languages. Red. Juha Janhunen. Routledge Language Family Series 5. London: Routledge. Pages 248–264.
  4. Sanders, Alan J. K. (2017). Historical Dictionary of Mongolia. Rowman & Littlefield. s. 530. ISBN 978-1-5381-0227-5. 

Litteratur endre