Molandsvassdraget

Molandsvassdraget er eit lite vassdrag i Arendal kommune i Agder. Molandsvannet er det sentrale element i vassdraget. Dette vatnet er oppdelt i fleire kiler eller fjordar, med smale sund mellom. Molandsvannet er regulert med ein stem, Haustemmen, ved utløpet frå vatnet.

Kjærhølstemmen er eit av dei eldre kulturminna i Arendal kommune. Ho må ha stemt opp Kjærhølen sida dei første vassdrivne oppgangsagene vart bygd på Sagene i Austre Moland.

Skogsterrenget i heiane vest og nord for Molandsvannet er det øvre området i vassdraget og fleire små elvar renn ut i vatnet frå her.

Omkring Molandsvannet ligg Austre Moland, lenge var dette eigen kommune, men i dag er det ei bygd i Arendal kommune. Austre Moland kyrkje ligg vakkert til på eit nes ved vatnet.

Molandsvannet vert drenert gjennom Sageneelva, ei ganske kort elv, som renn i små stryk ned mot Langangsvannet. frå Langangsvannet er det små kanalar og vatn ut til Neskilen ved Eydehavn.

Vassfallet i Sageneelva vart tidlegare godt utnytta. Her var det opptil sju oppgangssager ved elva, det var bekkekverner, mølle, ålekar og truleg ei stampemølle. Sagenelva vart tidlegare kalla Fosså. I tilknyting til denne verksemda var det ein del bustader og små plassar.

Vatnet i Sageneelva vert regulert med stor stem eller demning som vert kalla Kjærhølstemmen. Demninga er bygd av steinblokker, og dei eldste delane av ho må vere frå 1600-talet eller eldre. Bak stemmen ligg eit lite vatn, Kjærhølen.

Sageneelva er grense mellom gardane Ottersland og Fløystad i Austre Moland.

Sageigarane på Otterland og Fløystad fekk på 1600-talet kongelege privilegia til å sage bord for eksport. Skurlasten vart truleg transportert til Neskilen som var ein velkjend stad for skiping av trelast.

Sagene Mølle er ei bygdemølle som vart etablert midt på 1800-talet. Ho er i dag et kulturminne, og er stadig i drift med vasskraft.

Molandsvassdraget er verna i forhold til Verneplan IV for vassdrag.