Moldefjorden i Nordfjord
Moldefjorden er ein fjordarm av Sildegapet i Stad kommune i Vestland. Fjorden ligg like sør for Stad og har innløp sør for Selje.
Moldefjorden er ei fortsetjing av Røysetfjorden og strekkjer seg 4,5 km søraustover. Fjorden har innløp mellom Saltaneset i sør og Selje i nord. Grenda Botnen ligg på nordsida av fjorden, medan Litlesalt ligg ved starten på Saltaneset. Riksveg 618 går langs heile fjorden.