Molta er namnet på to holmar utanfor øya Tustna i Aure kommuneNordmøre. Den største holmen heiter Stormolta og den minste heiter Litjmolta. Dei ligg vest for utløpet av Nordheimsundet.

Stormolta som ligg lengst vest, er kjent for sine gravplassar, og det var her eit av slaga i Harald Hårfagres tid gjekk føre seg. På Stormolta er det funne forskjellige oldtidsfunn, som no ligg i Vitskapsmuseet i Trondheim. Det finst òg ei drikkevasskjelde. Det er eit naturleg oppkomme som aldri vert tørt om sumaren, med eit svært blankt drikkevatn. Stormolta vert òg brukt som sumarbeite for sau. Her var det sumarbeite til tre sauer med lam. Av hekkande fugl så var det mykje ærfugl, men etter at havørna vart freda og det vart ein tett bestand av havørn, så er det nesten ikkje hekkande ærfugl igjen på Stormolta og omkringliggjande øyar og holmar.