Øya Tustna er den største og mest folkerike øya i tidlegare Tustna kommuneNordmøre. Øya Tustna og resten av tidlegare Tustna kommune høyrer no til Aure kommune.

Tustna
Tustnafjella sett frå Kvernberget i Kristiansund. Foto: Harald Oppedal
Tustnafjella sett frå Kvernberget i Kristiansund.

Foto: Harald Oppedal

Geografi
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°11′N 08°03′EKoordinatar: 63°11′N 08°03′E

Areal 89 km²

Høgaste punkt Skarven (896 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Om namnet endre

Uttale og bruk endre

Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E[1] ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Opphav endre

Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.

Topografi endre

Fjell endre

Fjella på Tustna er frå gammalt eit landemerke for sjøfarande, og dei er framleis noko av det som lokkar folk til Tustna.

Tettstader endre

  • Leira - ligg midtvegs mellom Tømmervåg og Gullstein på nordsida av Tustna. Staden har utvikla seg til å bli sentrum på Tustna med skule, to daglegvarebutikkar, bilverkstad og andre servicefunksjonar. Idrettsarenaen Høgda stadion, som høyrer til Tustna idrettslag, ligg òg her.
  • Tømmervåg - sørvest på øya. Tustna ungdomsskule ligg her, i tillegg held ungdomsklubben til her med møter i lokala til Honky Tonk Cruisers, ein bilklubb for amerikanske bilar. Lokala er i ein nedlagd butikk. Frå Tømmervåg ferjekai er det ferjesamband til Seivika ferjekai i Kristiansund.

Biletgalleri endre

Fjella på Tustna endre

Utsikt frå Tustna endre

Fotnotar endre

  1. Tradisjonell dialekt har e for ‘eg’. Merk likevel at yngre dialekt (særleg folk som er fødde etter kring 1980), som elles oftast manglar dativ, har mykje æ.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Øya Tustna

Sjå òg endre