Molvikelva i Berlevåg
elv i Berlevåg kommune
Molvikelva (nordsamisk Stuorrajohka, i øvre løp Skierrevárjohka) er ei elv i Berlevåg kommune i Finnmark.[1] Ho har utspringet sitt på nordaustsida av fjellet Baikačearru. Elva renn først mot nord, men vest for Sløketoppen snur ho mot vest-sørvest og renn ned Molvikdalen. Elva munnar ut i Tanafjorden ved Store Molvik og er 14,8 kilometer lang[2].
Molvikelva | |||
elv | |||
Land | Norge | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Berlevåg | ||
Lengd | 14,8 km | ||
Munning | Tanafjorden ved Store Molvik | ||
Molvikelva 70°47′26″N 28°45′15″E / 70.79067°N 28.75409°E |
Vassdraget er utan noka fast busetjing, men det er eit hyttefelt i Molvikdalen. Ein kommunal grusveg til mellom Berlevåg og Store Molvik går langs nedre del av elva.
Referansar
endre- ↑ «NVE Atlas». Vassdrag – Elvenett. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. desember 2017
- ↑ «NVE Atlas». Vassdrag – Nedbørfelt – Nedbørfelt til hav. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 7. desember 2017
- Denne artikkelen bygger på «Molvikelva (Berlevåg)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2019.