Store Molvik

grend i Berlevåg kommune i Finnmark

Store Molvik[1] er ei fråflytta bygd i Berlevåg kommune i Finnmark. Ho ligg ved Molvikbukta på austsida av Tanafjorden i eit dalsøkk, rundt 20 kilometer sørvest for Berlevåg sentrum. Busetnaden, som no vert brukt til fritidsbustader, ligg på ein stor strandvoll mellom Molvikvatnet og sjøen. Lengre opp i dalen ligg eit hyttefelt.

Store Molvik

Ein kommunal grusveg frå Berlevåg er open i sommarhalvåret, og om vinteren er det ei godkjend snøscooterløype langs vegen.[2]

I området rundt finst det ei rekkje gamle strandlinjer som følgje av landhevinga etter siste istid.

ReferansarEndra

  1. «Store Molvik». Faktaark. Kartverket. Henta 6. desember 2017. 
  2. «Løypebeskrivelse for snøskuterløyper i Berlevåg kommune». Berlevåg kommune. 21. januar 2011. Henta 6. desember 2017. 

BakgrunnsstoffEndra