Mona Lisa
Mona Lisa, òg kalla La Joconde, er eit 77 × 53 cm stort kvinneportrett i oljefargar på ei plate av poppeltre som den italienske kunstnaren Leonardo da Vinci fullførte ein gong i tidsrommet 1503 til 1506 eller til 1519. Portrettet av denne unge kvinna med den karakteristiske løyndomsfulle smilen, truleg ei kvinne frå Firenze, Mona Lisa del Giocondo, har i nyare tid vorte eit av dei mest vidgjetne måleria i verda. Det er eigd av den franske staten og stilt ut i Musée du Louvre i Paris.
Allereie frå fyrste stund vart dette måleriet sett stor pris på i kunstnarkrinsar, og mange kunstnarar så på det som eit føredøme på korleis eit portrett skulle målast. I romantikken vart kunstnarane særleg fascinert av det gåtefulle som dei såg i maleriet, og dei mytane som har gjort det til eit av dei mest kjende av alle måleri, tok til å utviklast. Det viktigaste elementet i denne myteskapinga var den løyndomsfulle smilen til kvinna, og det har vore lansert ein rad ulike forklåringar på kvifor ho smiler på dette viset, frå til dømes at det har å gjere med at ho var sjukleg, til at ho var lukkeleg og avslappa.