Middelhavsmunkesel

pattedyrart
(Omdirigert frå Monachus monachus)
Middelhavsmunkesel
Middelhavsmunkesel
Middelhavsmunkesel
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Middelhavsmunkesel
Utbreiinga av Middelhavsmunkesel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Underfamilie: Monachinae
Slekt: Munkeselslekta Monachus
Art: Middelhavsmunkesel M. monachus
Vitskapleg namn
Monachus monachus

Middelhavsmunkesel (Monachus monachus) er ein av to nolevande artar i munkeselslekta (Monachus), som høyrer til selfamilien (Phocidae). Selen lever i Middelhavet og i nære strøk av Atlanterhavet utanfor Gibraltarsundet, sør til Krepsen sin vendekrins. Ifølgje IUCN si raudliste er arten sterkt truga av utrydding.[1] Totalbestanden tel truleg 600-700 individ.[1]

Historisk har middelhavsmunkesel levd i store delar av Middelhavet. I dag kjenner ein berre til populasjonar i Tyrkia, Kroatia, Kypros, Hellas, Portugal (Madeira), Mauritania og Vest-Sahara. Den største gruppa heldt til aust i Middelhavet, og omfattar rundt 350-450 individ. Den andre store undergruppa på rundt 220 individ held til ved Cabo Blanco i Atlanterhavet. Desse er dei einaste munkeselane som framleis lever i koloniar.[1]

Skildring endre

Selen er kring 80 cm lang ved fødselen og kan bli opptil 2,4 m lang som vaksen. Hanndyr veg gjennomsnittleg 320 kg og hodyr 300 kg, med eit vanleg spenn på 240-400 kg.[1][2][3][4] Ein trur dei kan bli opptil 45 år gamle,[2] med ein gjennomsnittsalder på 20-25 år. Dyra blir kjønnsmogne når dei er rundt 4 år.

Svangre hoer bruker typisk utilgjengelege sjøholer til å føda i, men tidlegare skildringar fortel at dei pleide å føda på opne strender fram til 1700-talet. Selungane veg ca. 15–18 kg. Dei har mørkebrun eller svart pels med hår på 1–1,5 centimeter. På magen har selane ei kvit stripe som har ulike farge og form hjå dei to kjønna. Hjå hoer er stripa vanlegvis rektangelforma, medan hjå hannar er ho som regel sommarfuglforma.[5] Når ungane er 6-8 veker gamle blir håret deira erstatta av det korte håret til vaksne selar.[2] Middelhavsmunkeselar skal ha den kortaste pelsen til nokon sel. Pelsen er svart hjå hannar og brun eller mørkegrå hjå hoer. Magen er lysare, nær kvit hjå hannar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Karamanlidis, A. & Dendrinos, P. 2015. Monachus monachus (errata version published in 2017). The IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T13653A117647375. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2015-4.RLTS.T13653A45227543.en. Vitja 2. februar 2020
  2. 2,0 2,1 2,2 «MOm Website». Mom.gr. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. Henta 6. november 2012. 
  3. «Mediterranean Monk Seal Fact Files: Biology: External appearance and anatomy». Monachus-guardian.org. Henta 6. november 2012. 
  4. «Mediterranean Monk Seal (Monachus monachus) - Office of Protected Resources - NOAA Fisheries». Nmfs.noaa.gov. 18. november 2005. Henta 6. november 2012. 
  5. «Lobo marinho». The City of Funchal. Arkivert frå originalen 16. september 2017. Henta 27. november 2016.