Monica Valen
Grethe Monica Eikild Valen (fødd 15. september 1970) er ein norsk tidlegare syklist frå Skien som i 1994 vart verdsmeister i landevegssykling.
Monica Valen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1970 (54 år) Porsgrunn |
Idrett | landevegssykling |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje |
Valen vart norsk meister i sykling ti gongar i perioden 1992-2000. Ho sigra i fem fellesstartar, tre temporitt og to gateritt. Under verdsmeisterskapen i landevegssykling 1994 i Agrigento i Italia vann ho spurten om gullmedaljen i kvinnene sin fellesstart over 86 km. For den prestasjonen vart ho tildelt Morgenbladets gullmedalje. Ho var medlem i Grenland SK.
Valen var i nokre år gift med Svein Inge Valvik.