Svein Inge Valvik
Svein Inge Valvik (fødd 20. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bærum, som i tida 1977-96 vann ni norske meisterskap i diskoskasting. Til saman tok han 20 NM-medaljar (9-8-3) i øvinga, den siste i sitt 43. år. Han var opphavleg medlem i Stabæk IF, men melde seg i 1975 inn i SK Vidar. Frå 1978 til -85 representerte han IF Kamp/Vestheim og frå 1986 til 2004 IK Tjalve. Sidan 2005 var han medlem i Urædd. I yngre år deltok han nasjonalt også i kulestøyt.
Svein Inge Valvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1956 (68 år) Bærum kommune |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988 |
Aktiv
endreValvik kasta diskosen 57,54 m i sitt siste år som junior, same året som han reiste til USA, der han dei neste seks åra studerte ved University of Texas i El Paso. Allereie våren 1977 passerte han 60-metersgrensa då han nådde 60,74 m i Provo. Sesongen etter auka han til 62,42 m i Eugene og 1979 fekk han målt 64,42 m, same sesongen støytte han elles kula 18,12 m, hans lengste støyt i den øvinga. I 1980 forbetra han den personlege rekorden til 66,34 m i El Paso.
Fram til 1984 stod Valvik nasjonalt i skuggen av Knut Hjeltnes, også trass i at han våren 1982 slengde diskosen heile 68 meter jamt under eit stemne i mexicanske Juarez den 31. mai, eit resultat i ypparste verdsklasse. Ein skade sette han noko tilbake og det var ikkje før enn i 1985 han kom opp mot sitt tidlegare toppnivå. Åra 1984-86 studerte han ved Lunds universitet i Sverige, og årsbestekasta 1985-86 oppnådde han i Sverige. Han kasta i 1985 67,36 m i Lund og i 1986 66,48 m i Klagshamn.
I juli 1987 var Valvik nær den personlege rekorden då han i finske Alavieska vann ei tevling med eit lengstekast på heile 67,70 m, årsbeste i Noreg. Vel ein månad seinare var Valvik med i sitt fyrste store internasjonale meisterskap, VM i Roma, og deltok så gjennom eit tiår i til saman tre verdsmeisterskap, to sommarleikar og like mange europameisterskap. Bortsett frå EM 1994 i Helsinki, der han vart nummer sju, klarde han ikkje å kvalifisere seg til nokon annan meisterskapsfinale.
Før 1990 hadde Valvik einast vunne to NM-gull i diskokasting, men i åra 1990-96 vann han samtlege norske meisterskap i øvinga. Han tok si tjuande NM-medalje i diskoskast i 1999, nærare 43 år gammal.
Valvik var aktiv til 2011, og så seint som i 2009 hadde han eit diskoskast som målte 54,40 m.
Medaljar i norske meisterskap
endre- 1977: Gullmedalje i diskokasting – 58,84 m, framom Anders Hoff (53,36 m)
- 1979: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,76 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
- 1980: Sølvmedalje i diskoskasting – 62,00 m, og bronsemedalje i kulestøyt – 16,94 m
- 1982: Sølvmedalje i diskoskasting – 58,44 m, bak Knut Hjeltnes (60,02 m)
- 1984: Sølvmedalje i diskoskasting – 56,80 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
- 1985: Gullmedalje i diskokasting – 56,30 m, framom Georg Andersen (56,18 m)
- 1987: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,70 m, bak Olav Jenssen (60,18 m)
- 1988: Bronsemedalje i diskoskasting – 58,52 m
- 1989: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,48 m, bak Knut Hjeltnes (62,10 m)
- 1990: Gullmedalje i diskokasting – 59,64 m, framom Lars Ola Sundt (59,46 m)
- 1991: Gullmedalje i diskokasting – 62,60 m, framom Olav Jenssen (58,20 m)
- 1992: Gullmedalje i diskokasting – 58,96 m, framom Lars Ola Sundt (58,72 m)
- 1993: Gullmedalje i diskokasting – 58,72 m, framom Lars Ola Sundt (57,40 m)
- 1994: Gullmedalje i diskokasting – 60,00 m, framom Kjell Ove Hauge (55,48 m)
- 1995: Gullmedalje i diskokasting – 60,92 m, framom Olav Jenssen (60,06 m)
- 1996: Gullmedalje i diskoskasting – 59,94 m, framom Knut Hjeltnes (58,94 m)
- 1997: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,74 m
- 1998: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,29 m
- 1999: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,62 m, bak Einar K. Tveita (61,09 m)
Plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (nr 16- 59,76 m)
- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (nr 16- 60,64 m)
- EM 1990 i Split: Utslått i kvalifiseringa (nr 13- 60,34 m)
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (nr 15- 60,86 m)
- EM 1994 i Helsinki: Nr 7 – 62,02 m
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (nr 17- 59,32 m)
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (nr 21- 59,60 m)
Personlege rekordar og årsbeste
endreÅr | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 |
Lengde (m) | 60,74 | 62,42 | 64,42 | 66,34 | 60,84 | 68,00 | 55,72 | 63,82 | 67,36 | 66,48 | 67,70 | 64,30 |
År | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1989 | 2000 |
Lengde (m) | 63,88 | 62,00 | 63,62 | 63,54 | 61,38 | 63,66 | 63,50 | 64,22 | 60,82 | 60,36 | 62,57 | 61,57 |
Ymse
endreValvik har i mange år vore lektor ved Porsgrunn videregående skole i Telemark, der han har undervist i økonomiske fag og idrettsfag.
Han var ei tid gift med syklisten Monica Valen.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- «Svein-Inge Valvik» (på engelsk). Olympedia. Henta 4. mars 2023.