Monsholmen
62°19′42″N 05°39′43″E / 62.32833°N 5.66194°E
Monsholmen | |||
øy | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Herøy | ||
Monsholmen er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal, i tettstaden Fosnavåg. Holmen ligg i sundet mellom Bergsøya og Leinøya, og vegen mellom dei to øyane går over han.
På Monsholmen er det funne spor av menneskeleg aktivitet frå steinalderen, i form av reiskapar av flint og skifer. Holmen vart busett første gong i nyare tid rundt midten av 1600-talet, og har vore busett sporadisk sidan då. I dag er det fleire bustadhus på holmen.
Kjelder
endre- Bjarne Rabben, Herøyboka. Gardar og folk II, Herøy sogelag, 1963
- Kulturminnesøk