Opna hovudmenyen

Monte Hacho er eit lågt fjell ved byen Ceuta i Spania, på nordkysten av Afrika. Monte Hacho ligg ved kysten av Middelhavet og Gibraltarsundet, like ovanfor Gibraltar, og i lag med Gibraltarklippa er det rekna som ei av søylene til Herkules (den andre kandidaten er Jebel Musa).

Monte Hacho
fjell
Monte Hacho.JPG
Monte Hacho med hamnebyen Ceuta i forgrunnen. Fortaleza de Hacho er synleg på toppen av åsen
Land Flag of Spain.svg Spania
Område Ceuta
Høgd 204[1] moh.
Koordinatar 35°54′N 5°17′WKoordinatar: 35°54′N 5°17′W

I antikken vart åsen kalla Mons Abila.

Monte Hacho ligg på Alminahalvøya og ei festning ligg på toppen, Fortaleza de Hacho, som vart bygd av austromarane, før arabarane, portugisarane og til slutt spanjolane tok over området. Det vert i dag styrt av den spanske hæren. Det ligg òg eit kloster på Monte Hacho, Ermita de San Antonio og her finst eit monument til Generalissimo Francisco Franco og starten på den spanske borgarkrigen i Nord-Afrika i 1936.

KjelderEndra

  1. Monte Hacho - peakbagger.com

BakgrunnsstoffEndra