Dufourspitze er det høgaste fjellet i Sveits og det nest høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa etter Mont Blanc. Fjelltoppen er den høgaste i Monte Rosa-massivet, og måler 4634 meter over havet. Frå toppen kan ein sjå Matterhorn. Fjellet ligg på grensa mot Italia og sjølve toppen ligg 160 meter frå grensa. Monte Rosa-massivet er det nest høgaste massivet i Italia.

Dufourspitze
Monte Rosa
fjell
MonteRosaWestseite gesehenVomGornergrat.JPG
Dufourspitze lengst til høgre
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
Primærfaktor 2 165 m ↓  Grosser Sankt Bernhard
mot Mont Blanc
Sekundærfaktor 78,2 km → Mont Blanc de Courmayeur
Koordinatar 45°56′12.6″N 7°52′01.4″E
Lettast tilkomst klatring
Førstestiging Charles Hudson
 - dato 1. august 1  1855

Dufourspitze
45°56′12″ N 7°52′0″ E
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Dufourspitze

Gornerbreen ligg på vestsida av Monte Rosa og flyt nedover mot Zermatt. I aust tårnar ein 2400 meter høg vegg opp frå landsbyen Macugnaga.

Fjellet er kalla opp etter den sveitsiske generalen og kartografen Guillaume-Henri Dufour etter at ei topografisk kartlegging av området blei fullført under hans kommando. Fram til 1863 heitte fjellet "Höchste Spitze".

Etter mange forsøk tidleg på 1800-talet på å nå toppen av fjellet, klarte in ein ekspedisjon leia av Charles Hudson å nå toppen 1. august 1855. Hudson døyde ti år seinare under førstestigninga av Matterhorn.

Ruta opp austsida som sidan er blitt den vanlege blei først klatra i 1872 av englendarane Richard og William Pendlebury og Charles Taylor, ført av sveitsaren Ferdinand Imseng, austerrikaren Gabriel Spechtenhauser og italienaren Giovanni Oberto.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Søraustsida av Monte Rosa frå nær Lago Maggiore