Monte Vioz (tysk Viosspitze) er ein 3 645 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Trento og Sondrio i Italia.

Monte Vioz
fjell
Monte Vioz og landsbyen Pejo, sett frå sør
Land  Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 645 moh.
Førstestiging Christophoro Groos, 1854
Koordinatar 46°24′6″N 10°37′59″E / 46.40167°N 10.63306°E / 46.40167; 10.63306
Kart
Monte Vioz
46°24′06″N 10°37′59″E / 46.401666666667°N 10.633055555556°E / 46.401666666667; 10.633055555556
Wikimedia Commons: Monte Vioz

Til midt i 1990-åra var fjelltoppen dekt av ein isbre. Sidan den tid vert som regel sørsida av toppen snøfri i løpet av sommaren.

Det er ein rimeleg tur å kome til topps på Monte Vioz frå fjellhytta Rifugio Mantova del Vioz. Ofte går ein topptur inn som ein del av ei turvandring til Monte Cevedale via Palòn de la Mare, to fjelltoppar som ligg på same fjellryggen som Monte Vioz.

Rimelegvis vart toppen av Monte Vioz besøkt i 1854 av mannskap, leia av fjellføraren Christophoro Groos, som dreiv landmåling for den austerrikske staten.

Kjelder endre