Peloritani

(Omdirigert frå Monti Peloritani)

Peloritani (italiensk Monti Peloritani) er ei fjellkjede nordaust på Sicilia sør i Italia. Ho strekkjer seg 65 km frå Capo Peloro til Nebrodifjella. I nord grensar ho til Tyrrenhavet og i vest til Det joniske havet.

Ein furuskog i området Mili San Pietro i kommunen Messina.
Rocca di Salvatesta frå Fondachelli-Fantina

Dei høgaste toppane er Montagna Grande (1 374 m) og Rocca Novara (Salvatesta) (1 340 m). Fjellkjeda består av ei rekkje fjelltoppar med ei gjennomsnittleg høgd på 800–1000 m, med ryggar og raviner i mellom. Dei djupe ravinene inneheld mange elvar. Den mest vanlege bergarten her er magmatisk og metamorf bergart. I tillegg finn ein sandstein.

Montagna di Vernà, 1287 meter, frå Fondachelli-Fantina

Av vegetasjon finn ein steineik, eik, korkeik, bøk, furu og kastanje, som ein gong danna store skogar, men om i dag er reduserte til spredte skogar på grunn av avskoging. Landskapet er derfor steppeliknande. Sidan 1950-åra er derimot fleire området vorte planta med furuskog.

Kjelder endre

38°03′N 15°20′E / 38.050°N 15.333°E / 38.050; 15.333