Opna hovudmenyen

Monty Python er namnet på ein vidgjeten og stilskapande engelsk komikargruppe som var aktive på 1970-talet. Gruppa var danna av skodespelarane John Cleese, Graham Chapman, Eric Idle, Terry Jones, Terry Gilliam og Michael Palin. Humoren deira var av det absurde slaget, med meir vekt på fråveret av logikk enn av sokalla punchlines. I røynda gjekk dei inn for å unngå slike så ofte som råd var.

VerkEndra

Monty Pythons flygande sirkusEndra

TV-serien Monty Python's Flying Circus gjekk i fire sesongar, og bygde opp kring dette nyskapande humorkonseptet. Sketsjane gjekk ofte rett over i kvarandre utan nærare forklåring, eller vart avbrotne av ulike faste karakterar. Ettersom serien gjekk utvikla dei ei rad slike. Python-karane skapte og ein særskild parodi på engelske middelaldrande kjerringar, sokalla "pepperpots", gjerne spela av Chapman, Cleese og Jones, med karakteristiske skrikande røyster. Elles parodierte dei engelsk overklasse og lynne, "gentlemen" i bowlerhattar, forsikringsagentar, kontoristar og andre yrkesgrupper. Serien gjekk ein gong i veka i halvtimesepisodar, og vart snøgt populær. Fleire av sketsjane frå denne serien er vorten folkeeige i den vestlege verda.

FilmaneEndra

I tillegg til serien, laga gruppa og ei rekkje filmar. Nokre av dei vart svært omdiskuterte, men vart og snøgt klassikarar innanfor komediesjangeren.

  • Monty Python's meaning of life
  • And now for something completely different (ei samling sketsjar frå TV-serien sett saman på ny måte)

Særleg Life of Brian vakte reaksjonar. I Noreg vart filmen forboden etter blasfemiparagrafen, og filmen vart fordømt av vatikanet. Innhaldet var knytt til soga om Jesus, og mange vart forarga. I Sverige vart filmen vist med reklamen: Filmen som er så morosam at han vart forboden i Noreg.

Alle filmane heldt fram tradisjonen for absurd humor.