Michael Palin

britisk komikar og skodespelar

Michael Edward Palin (fødd 5. mai 1943 i Sheffield) er ein engelsk komikar, skodespelar, programleiar og forfattar. Han er kjend som ein av medlemmane i den britiske komikargruppa Monty Python og for ei rekkje reisedokumentarar.  I 2000 vart han kommandant av Order of the British Empire. Han var leiar for Royal Geographical Society frå 2009 til 2012.[1] I 2013 blei Palin utnemnd til BAFTA Fellow, den høgaste æra British Academy of Film and Television Arts deler ut.[2]

Michael Palin

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. mai 1943 (80 år)
Broomhill & Sharrow Vale
Yrke skodespelar, komikar, manusforfattar, dagbokskrivar, songar, filmskodespelar, programleiar, barnebokforfattar, fjernsynsskodespelar, reiseforfattar
Språk britisk-engelsk
Medlem av Monty Python
Ektefelle Helen Gibbins
Michael Palin på Commons

Monty Python endre

Palin vart først kjend då han var med og skreiv TV-serien Do Not Adjust Your Set på slutten av 1960-talet. Dette var ein serie for barn der han, Terry Jones og Terry Gilliam hadde nokre surrealistiske sketsjar. Seinare gjekk dei saman med John Cleese, Graham Chapman og Eric Idle om å laga Monty Python's Flying Circus. I Flying Circus spelte Michael Palin ofte ein uvitande, stakkarslig fyr, eller overivrig programleiar. Han medverka òg på alle Monty Python-filmane.

Etter Monty Pythons mest produktive tid spelte han i ei lang rekkje komediar som Jabberwocky, Time Bandits, Brazil, En fisk ved navn Wanda og Olme Beist.

Dei første reisedokumentarane endre

Michael Palin har produsert ein serie med ferdprogram for BBC. Desse har vore vist på norsk fjernsyn av NRK og vorte sende i beste sendetid, vanlegvis på laurdagar.

Hans første reisedokumentar var innslag i BBC-serien Great Railway Journeys of the World i 1980, der han på ein humoristisk måte mintest hobbyen frå barndomen sin; å sjå på tog—og reiste med toga England rundt. Seinare følgde ein tilsvarande serie i 1994‚ der han toga Irland rundt.

Sidan 1989 har Palin presentert ein serie verdsomspennande reiseprogram for BBC som, forutan å ha vorte gjort tilgjengeleg på DVD og VHS er vortne vist på ei rekkje fjernsynsstasjonar både i og utanfor Europa.

Dei store reisedokumentarane endre

  • 1989: Jorden rundt på 80 dager med Michael Palin («Michael Palin Around the World in 80 Days»), ei reise som gjenskapte så godt som mogleg Jules Verne si historie av same namn.
  • 1991: Fra pol til pol med Michal Palin («Pole to Pole with Michael Palin»). Ei reise frå Nordpolen til Sørpolen, der Palin så langt som praktisk mogleg følgde den 30. lengdegraden over land, dvs. gjennom Europa og Afrika.
  • 1996/97: Jorden rundt med Michael Palin («Full Circle with Michael Palin»). Her reiste Palin jorda rundt, ei reise på 80 000 kilometer som byrja i Beringstredet. Han reiste mot klokka og ferden tok ham gjennom Asia, Oseania og Amerika.
  • 1999: Michael Palin i Hemmingways fotspor («Michael Palins Hemingway Adventure») der han tok for seg Ernest Hemingway sine reiser gjennom USA, Europa, Afrika og Karibia
  • 2001: Gjennom Sahara med Michael Palin («Sahara with Michael Palin»)
  • 2003: Gjennom Himalaya med Michael Palin («Himalaya with Michael Palin»)
  • 2007: Michael Palins nye Europa («Michael Palin's New Europe»). Ei reise gjennom Aust-Europa.

Kjelder endre

  1. «People & Staff». Royal Geographical Society. Arkivert frå originalen 15. juni 2012. Henta 24. juni 2012. 
  2. «Michael Palin To Receive Academy Fellowship at the Arqiva British Academy Television Awards». bafta.org. 2. mai 2013. 

Bakgrunnsstoff endre