Terence Graham «Terry» Parry Jones (fødd 1. februar 1942 i Colwyn Bay) er ein britisk komikar, skodespelar, regissør, forfattar og programleiar frå Wales. Han er best kjent som eit av medlemmane i Monty Python.

Terry Jones

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1. februar 1942
Colwyn Bay
Død

21. januar 2020 (77 år)
London

Yrke skodespelar, komikar, filmregissør, manusforfattar, komponist, skribent, karakterskodespelar, filmskodespelar, skapar, programleiar, barnebokforfattar, fjernsynsskodespelar, historikar, regissør, lyrikar
Språk engelsk, walisisk
Medlem av Monty Python
Far Alick George Parry Jones
Ektefelle Alison Telfer
Nettstad http://www.terry-jones.net
Terry Jones på Commons

I Monty Python er hans mange framstillingar av gamle kvinner, såkalla «pepper-pots». særs minneverdige. Dessutan var han «Den nakne mannen som spelar orgel» som dukka opp før opningsvignetten i Flying Circus-episodane på 1970-talet.

I tillegg til å vera forfattar og skodespelar i TV-serien Monty Python's Flying Circus har han òg regissert fleire filmar, bl.a Monty Python og ridderne av det runde bord (1975), Profeten Brians liv og historie (1979), Private Services (1987) og Erik the Viking (1989).

Jones har òg skrive fleire filmmanus og bøker (bl.a Starship Titanic saman med Douglas Adams) og er òg ein ivrig forfattar av politiske artiklar.

Han har dei siste åra vore programleiar for ei rekkje TV-seriar om historie. I 2009 kom den første boka hans ut på norsk, Barbarane, eit skråblikk på romersk historie.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre