Moral

(Omdirigert frå Moralsk)

Moral (frå latin moralis, moris, som tyder 'sed, skikk') viser til normer og verdiar til korleis eit individ eller ei gruppe menneske meiner det er rett å leva. Handlingar og haldningar som følgjer desse reglane blir kalla moralske, medan noko som bryt med dei blir kalla umoralske. Synet på kva som er moralsk kan variera mellom ulike kulturar, subkulturar, generasjonar og på individuell basis. Fleire tenkjarar har likevel hevda at det finst ein absolutt moral med moralske reglar som gjeld alle.

Moral og etikk er nærskylde omgrep. Ofte viser «moral» til konkrete handlingar, medan «etikk» viser til teorien som ligg bak (moralfilosofi). I filosofien har ein hovudsakleg tre retningar som freistar å svara på korleis ein handlar moralsk rett: dygdsetikk, utilitarisme og pliktetikk.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.