Morbær

planteslekt
(Omdirigert frå Morbærtre)

Morbær er ei treslekt i morbærfamilien. Trea er store med hjarteforma blad, små blomar og saftig, velsmakande frukt, som liknar bjørnebær. Det finst i alt ti artar.

Morbærtre med moden frukt

Svart morbær, Morus nigra, høyrer heime i Iran, men vart alt i antikken dyrka i middelhavslanda, og i nyare tid òg lenger nord i Europa. Fruktene er svartfiolette, og vert mest nytta sylta.

Kvit morbær, Morus alba, stammer frå Kina, men har vore dyrka i middelhavslanda sidan 1200-talet. Det har ikkje så god frukt som det svarte, men er eit særs viktig nyttetre ved silkeavlen.

Kjelder endre

  • «Morbær» (23. januar 2013). I Store norske leksikon. Henta 5. juli 2014.