Opna hovudmenyen

Morten Moldskred

norsk fotballspelar

Morten Opsahl Moldskred (fødd 13. juni 1980 i Ulsteinvik) er ein norsk fotballspelar. som sidan januar 2012 har hatt kontrakt med den dansk klubben AGF Århus. Han har tidlegare spela for ei rad norsk fotballklubbar, så som Hødd, Aalesund, Tromsø og Rosenborg BK. Norsk seriemeister med Rosenborg i 2010. Mellom 2009 og 2011 spela han ni landskampar for Noreg.

Morten Moldskred
Morten Moldskred - 2009-09-27 at 20-23-34.jpg
Fødd 13. juni 1980
Ulsteinvik
Yrke fotballspelar
Morten Moldskred på Commons

StatistikkEndra

(Sist oppdatert 23. november 2013)

Klubb Kampar* Mål* Periode
  Noreg Haddal ? ? ????-1993
  Noreg Hødd 92 28 1993-2001
  Noreg Moss 11 1 2002
  Noreg Aalesund 79 20 2003-2005
  Noreg Haugesund 0 0 2006
  Noreg Tromsø 76 29 2006-2009
  Noreg Rosenborg 37 8 2010-2012
  Danmark AGF 2 0 2012-2013
  Noreg Tromsø 25 5 2013-

* Kun seriekampar.

KlubbspelEndra

Tidlegare karriereEndra

Moldskred starta på ungdomsakadimiet i Haddal IL, rett utanfor Ulsteinvik. Vidare gjekk han til spela for Hødd på nivå to i norske seriefotball frå 1997 til ut 2001-sesongen. I 2002-sesongen spela han for Moss i toppdivisjonen, ein klubb som ved sesongslutt rykte ned ein divisjon.

Aalesunds Fotballklubb og Haugesund FKEndra

Moldskred vart overført til Aalesund før 2003-sesongen, og spela den sesongen alle kampane til Aalesund i eliteserien. Moldskred opplevde for andre året på rad å vere med på eit nedrykk frå eliteserien. I 2004-sesongen gjorde han sin til då beste sesong, då han skåra 15 mål på 29 kamper i Adeccoligaen, og ytte sitt til at AaFK rykte opp att i toppdivisjonen. Moldskred skåra eitt seriemål i 2005, og AaFK rykte på ny ned att til nivå to.

Før 2006-sesongen vart Moldskred vraka av AaFK og han gjekk då til FK Haugesund. Kort etter overgangen fekk han ein korsbandskade og vart operert.

Tromsø IdrettslagEndra

Sommaren 2006, før han hadde spela ein kamp for Haugesund, vart Moldskred overført til Tromsø IL. Bak overgangen stod Tromsø sin trenar, Ivar Morten Normark, som hadde vore AaFK-trenar då Moldskred spela for sunnmørsklubben. Moldskred fekk sin debut i tromsøtrøya allereie 30. juli 2006 i heimekampen mot Molde. Etter berre to kampar vart Moldskred skadd, og var ute resten av sesongen.

Etter Ole Martin Årst vart overført frå Tromsø til Start sommaren 2007 fekk Moldskred sitt store gjennombrot. Ein skadefri Moldskred danna i lag med Sigurd Rushfeldt eit av dei beste spisspara i eliteserien, og enda med å skåre 12 seriemål i 2007-sesongen. I 2008-sesongen sleit han med skadar i den fyrste delen av sesongen, men skåra etter kvart til mål i serien, nok til åp sikre Tromsø ein bronsemedalje.

Rosenborg og AGFEndra

Sesongane 2010 og 2011 spela Moldskred for Rosenborg. Han fekk ein heil del speletid, men sleit med å markere seg som ein sentral spelar for trønderklubben. Han var likevel delaktig i å sikre Rosenborg eit nytt seriegull i 2010 og ein seriebronse i 2011. I januar 2012 gjekk Moldskred til den danske toppserieklubben AGF Århus. Her har han vore plaga med skadar, og har knappast spela på fyrstelaget.

LandslagsspelEndra

Moldskred debuterte for Norges landslag 5. september 2009, som innbytar for Thorstein Helstad i ein VM-kvalfiseringskamp mot Island. Det einaste landslagsmålet hans kom i femte kampen, då han i ein vennskapslandskamp på bortebane mot Slovakia skåra kampens seinaste mål. Fram til 2011 aksla han den norske landslagstrøya ni gongar.

BakgrunnsstoffEndra