Morten Næss (fødd 29. juni 1967) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Lia i Grimstad. Åra 1990-93 vart han noregsmeister i lengdehopp, i 1990-91 også norsk meister i tresteghopp.

Morten Næss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1967 (56 år)
Idrett friidrett

Næss vart i 1990 norsk dobbeltmeister i lengde- og tresteghopp, ein prestasjon han gjentok i 1991. Sommaren 1991 var han i sitt livs beste form. Den 30. mai på Jessheim hoppa han 7,81 meter i lengde. Vel to månader seinare sette han personleg rekord også i tresteg, den 3. august på Fana stadion i Bergen nådde han 16,05 meter. I NM 1992 og NM 1993 vart han norsk lengde-meister for tredje og fjerde gong i rad. Perioden 1989-96 sanka Næss seks NM-medaljar i lengdehopp og sju i tresteghopp.

Han var medlem 1985-93 i Sørild FIK og 1994-97 i IK Tjalve.

Kjelder

endre