Moskvakanalen
Moskvakanalen (fram til 1947 kalla Moskva-Volga-kanalen) er ein kanal som knyter saman Moskvaelva med hovudtransportåra i den europeiske delen av Russland, elva Volga. Kanalen ligg i Moskva og Tver oblast nord for Moskva.
Moskvakanalen | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Unified Deep Water System of European Russia | ||
Lengd | 128 km km | ||
Moskvakanalen 56°43′00″N 37°08′00″E / 56.716666666667°N 37.133333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Moscow Canal |
Kanalen vart bygd av politiske fangar under stalintida. Arbeidet tok til i 1932 og var fullført i 1937. Kanalen er 128 kilometer lang. På grunn av kanalen har Moskva tilgang til fem hav; Kvitsjøen, Austersjøen, Kaspihavet, Azovhavet og Svartehavet, det er derfor Moskva nokre gonger vert kalla «hamnebyen til dei fem hav». I tillegg til transport forsyner kanalen òg Moskva med om lag halvparten av nødvendig ferskvatn og dei mange reservoara langs elva vert nytta for rekreasjon.
Kanalen er derimot dårleg vedlikehalden, og nødvendig opprustning er rekna for å kome på mellom 1,5-3 milliardar rublar (ca. 350-700 millionar NOK).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moskvakanalen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.