Mothermania
Mothermania Samlealbum av The Mothers of Invention | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. mars 1969 | |
Innspelt | 1966—1968 | |
Sjanger | eksperimentell rock | |
Lengd | 40:34 | |
Selskap | Bizarre/Verve | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Uncle Meat (1969) |
Mothermania | Hot Rats (1969)
|
Mothermania (1969), med undertittelen The Best of the Mothers, er eit samlealbum av The Mothers of Invention. Songane var henta frå Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money, men består av unike miksar og redigeringar som var gjort spesifikt for dette samlealbumet.
Bakgrunn
endreEtter kontrakten til The Mothers of Invention med MGM og Verve Records gjekk ut, forhandla Frank Zappa og Herb Cohen og danna eit halvvegs sjølvstendig plateselskap kalla Bizarre Records, medan Verve skulle få gje ut tre Bizarre-utgjevingar distribuert av MGM: eit nytt Mothers of Invention-album, Cruising with Ruben & the Jets og samlealbumet Mothermania, i tillegg til eit album av Sandy Hurvitz, Sandy's Album is Here at Last.[1][2] Mothermania vart førebudd for å hente inn at pengar Verve følte dei hadde tapt på å finansiere Mothers of Invention-albuma Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money.[3] Frank Zappa førebudde masterbanda for utgjevinga, miksa og sette songane saman, og oversåg innpakkinga.[2][3] Samlealbumet bestod av unike versjon av songane som var samla saman for utgjevinga, inkludert ein usensurert versjon av «Mother People», som tidlegare var komen ut på We're Only in It for the Money i ein sensurert versjon, og ein radikalt annleis miks av «The Idiot Bastard Son».[3][4]
Utgjeving og ettermæle
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [5] |
Mothermania vart gjeven ut kort tid før utgjevinga av det femte Mothers of Invention-albumet Uncle Meat, noko Frank Zappa meinte vart gjort med vilje av Verve.[3][4] Zappa ville så ikkje vite av samlealbumet etter det kom ut.[3] Allmusic-meldar William Ruhlmann skildra samlealbumet som «overfødig», og gav det tre av fem stjerner.[5] Verve gav sidan ut fleire samlealbum, utan at Zappa var involvert.[3]
Albumet var utilgjengeleg i lang tid, men har sidan blitt offisielt gjeve ut på ny for digital nedlasting sidan 2009[6] og på CD i 2012.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Frank Zappa.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brown Shoes Don't Make It» | 7:26 |
2. | «Mother People» | 1:41 |
3. | «Duke of Prunes» | 5:09 |
4. | «Call Any Vegetable» | 4:31 |
5. | «The Idiot Bastard Son» | 2:26 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «It Can't Happen Here» | 3:13 |
7. | «You're Probably Wondering Why I'm Here» | 3:37 |
8. | «Who Are the Brain Police?» | 3:22 |
9. | «Plastic People» | 3:40 |
10. | «Hungry Freaks, Daddy» | 3:27 |
11. | «America Drinks and Goes Home» | 2:43 |
Total lengd: | 40:34 |
Medverkande
endre- Frank Zappa – gitar, dirigent, piano, vokal
- Jimmy Carl Black – perkusjon, trommer
- Roy Estrada – bass, vokal
- Bunk Gardner – blåseinstrument
- Don Preston – bass, klaverinstrument
- Euclid James Sherwood – gitar, vokal, blåseinstrument
- Art Tripp
- Ian Underwood
Produksjon
endre- Produsentar: Frank Zappa, Tom Wilson
- Lydteknikarsjef: Val Valentin
- Lydteknikar: Ami Hadani, Tom Hidley, Gary Kelgren og Dick Kunc.
- Arrangør: Frank Zappa
- Plateomslag: Cal Schenkel
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mothermania» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. s. 87–88. ISBN 0-671-63870-X.
- ↑ 2,0 2,1 Miles, Barry (september 2005). «Zappa: A Biography». ISBN 9780802142153.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Lowe, Kelly Fisher (2007). «The Words and Music of Frank Zappa». ISBN 0803260059.
- ↑ 4,0 4,1 Slaven, Niel. «Electric Don Quixote: The Definitive Story of Frank Zappa». ISBN 9780857120434.
- ↑ 5,0 5,1 Allmusic review
- ↑ «Product information for Mothermania». Barfko-Swill. Henta 31. mai 2014.