Brown Shoes Don't Make It

Brown Shoes Don't Make It
Song av The Mothers of Invention
frå albumet Absolutely Free
Utgjeve 1967
Sjanger eksperimentell rock
Lengd 7:30
Selskap Verve
Komponist Frank Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa, Tom Wilson

Brown Shoes Don't Make It er ein song av The Mothers of Invention, skriven av bandleiaren Frank Zappa. Han er den 14. og nest siste songen på det andre albumet deira, Absolutely Free. Songen er av ein dei mest kjende verka hans, og vart av Allmusic omtalt som «det første verkelege meisterverket til Zappa».[1]

Historie endre

Tittelen var inspirert av ei hending skriven i Time Magazine av Hugh Sidey i 1966.[2] Journalisten gjetta at noko var på gang då den alltid pent kledde president Lyndon B. Johnson møtte opp med brune sko og ein grå dress. Han flydde til Vietnamn for eit overraskande besøk seinare på dagen.

Ein konservertsjon av songen finst på albumet Tinseltown Rebellion.

Musikk og tekst endre

Teksten starta som eit generelt åtak på det amerikanske forstadssamfunnet: TV, grådigheit og konformitet vert håna i songen. Han skiftar så tone og omhandlar ein rådhuspolitikar som fantaserer om å ha sex med ei tretten år gammal jente.

Musikken skiftar stil fleire gonger og dekkjer hardrock, klassisk, psykedelisk rock, varieté og jazz. Han er av Allmusic omtalt som ein «kondensert to timar lang musikal». Songen varer 7:30. I følgje Zappa var akkompagnementet i byrjinga inspirert av Lightnin' Slim's «Have Your Way».

Mottaking endre

Songen har blytt hylla av mange kritikarar og vert av fleire rekna som «det første meisterverket til Zappa». I ei positiv melding av albumet skreiv Dominique Chevalier «det er glimt av tolvtoneskalaer, balladar, rock, R&B, Beach Boys, såpeopera og meir...og garanterer at dette ikkje er noko easy listening».[3] I tillegg til å gje albumet høg karakter, var òg Allmusic særs positiv til songen.[4] Han er òg inkludert i The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll.[5]

References endre

  1. «Brown Shoes Don't Make It» (song review). Henta 21. mai 2014. [daud lenkje]
  2. Sidey, Hugh (30. juni 1980). «The Meaning of the Cordovans». Time. Arkivert frå originalen (web reprint) 10. desember 2008. Henta 21. mai 2014. 
  3. Chevalier, Dominique «Viva Zappa!» 1985 Page 62
  4. http://www.allmusic.com/song/brown-shoes-dont-make-it-t998763 Arkivert 2011-07-31 ved Wayback Machine. allmusic review
  5. «500 Songs That Shaped Rock and Roll A-C». Arkivert frå originalen 20. januar 2008. Henta 21. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff endre