Absolutely Free
Studioalbum av The Mothers of Invention
Språk engelsk
Utgjeve 26. mai 1967
Innspelt 15.-18. november 1966 ved Sunset-Highland Studios i TTG
Sjanger Progressiv rock, komedierock, eksperimentell rock
Lengd 38:29
43:37 (nyutgjeving)
Selskap Verve
Produsent Frank Zappa,
Tom Wilson
Frank Zappa-kronologi 
Freak Out!
(1966)
Absolutely Free Lumpy Gravy
(1967)
The Mothers of Invention-kronologi
Freak Out!
(1966)
Absolutely Free We're Only in It for the Money
(1968)
Singlar frå Absolutely Free
  1. «Son of Suzy Creamcheese»
    Utgjeve: 1967

Absolutely Free er det andre albumet til The Mothers of Invention, leia av Frank Zappa. Absolutely Free er, som debutalbumet, ei samling av komplekse musikkstykke med politisk og samfunnssatire. Bandet hadde blitt utvida sidan Freak Out! og fått med seg saksofonisten Bunk Gardner, klaverspelaren Don Preston, gitaristen Jim Fielder og trommeslagaren Billy Mundi. Fielder slutta i gruppa før albumet kom ut og namnet hans vart fjerna frå omslaget.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Albumet legg vekt på samanhengande satsar, og begge sidene av den originale LP-plata består av mini-suitar. Albumet inneheld ein av dei mest kjende songane til Zappa frå den tidlege karrieren, «Brown Shoes Don't Make It», eit spor som er blitt skildra som ein «kondensert to timars musikal».[3]

I boka Necessity Is..., seier tidlegare Mothers of Invention-medlem Ray Collins at Absolutely Free truleg er favoritten hans av dei klassiske Mothers-albuma.[4]

Nyutgjevingar endre

På CD-utgåva vart det lagt til ein singel som Mothes gav ut på denne tida, mellom side 1 og side 2. Songen heiter «Why Dontcha Do Me Right?» og «Big Leg Emma», begge skildra som «eit forsøk på å lage dum musikk for tenåringar». Desse var ein sjeldan Verve-singel.

Den britiske utgåva frå 1967 (Verve VLP/SVLP 9174) kom i eit laminert flip-back-omslag med eit Mike Raven-dikt på andre sida som ikkje var tilgjengeleg nokon annan stad.

I 2007 gav Lagunitas Brewing Company ut eit India Pale Ale kalla Kill Ugly Radio, med innsida av plateomslaget som etikett. Dette var eit av rekkje ølsortar som var planlagt å kom ut til kvart 40. årsjubileum for Zappa sine album.

Innhald endre

Tittelen «Brown Shoes Don't Make It» var inspirert av ei sak i Time av journalisten Hugh Sidey i 1966. Journalisten forstod at noko var i gjære då den alltid fin kledde presidenten Lyndon B. Johnson var kledd i brune sko og ei grå skjorte. Han flydde til Vietnam for eit overraskingsbesøk seinare den dagen.

I songane «America Drinks and Goes Home» og «America Drinks», kombinerer Zappa ein tullete melodi med lydeffektar frå ein nattklubb for å parodiere korleis han følte det var å spele med fulle pub-bad tidleg i 1960-åra. Andre songar vart spelt inn kort tid etter, nytta liknande idear, som «On with the Show» av The Rolling Stones (1967), «My Friend» av Jimi Hendrix (innspelt i 1968, gjeve ut i 1971) og «You Know My Name (Look Up The Number)» av The Beatles (innspelt i 1967 og 1969, gjeve ut i 1970).

«Plastic People» byrjar med ein falsk introduksjon av den amerikanske presidenten, som (i lag med kona) berre kan sei fram opningstonane i «Louie, Louie». «Louie, Louie» vart ofte tolka i andre Zappa-songar (som på Uncle Meat og Yellow Shark), og då Zappa først spelte «Plastic People» kring 1965, var teksten sett til melodien til «Louie, Louie».

Referansar til andre verk endre

Det er ikkje uvanleg å finne melodiar eller notar frå andre komponistar i musikken til Frank Zappa. Absolutely Free er full av musikalske referansar til andre komponistar og låtskrivarar, som Igor Stravinskij.

Til dømes byrjar «Amnesia Vivace» med ein collage av sitat frå Stravinskij-ballettar: først speler bandet «Ritual Action of the Ancestors» frå Vårofferet, Part II; så cembalo og pratande røyster under Dance of the Adolescents i Part I, medan saksofon og stemma til Zappa syng fagott-melodien heilt i opninga av stykket og held fram med den lyriske Berceuse (òg for fagott) mot slutten av Stravinskij sin Eldfuglen. Opninga av Petrousjka vert sitert i midten av «Status Back Baby». «Soft-Sell Conclusion» endar med ein versjon av trombonemelodien som opnar Stravinskij sin «Marche Royale» frå A Soldier's Tale.

«Invocation & Ritual Dance of the Young Pumpkin», i byrjinga av saksofonsoloen (første kadens) siterer trioen direkte frå den fjerde satsen av Gustav Holst sin The Planets, Jupiter, the Bringer of Jollity.

Melodien til «The Duke of Prunes» er kjærleikstemaet frå Zappa sin eigen filmmusikk til Run Home Slow.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Side ein: «Absolutely Free» (#1 in a Series of Underground Oratorios)
Nr.TittelLengd
1.«Plastic People»3:40
2.«The Duke of Prunes»2:12
3.«Amnesia Vivace»1:01
4.«The Duke Regains His Chops»1:45
5.«Call Any Vegetable»2:19
6.«Invocation & Ritual Dance of the Young Pumpkin»6:57
7.«Soft-Sell Conclusion»1:40
Side to: «The M.O.I. American Pageant» (#2 in a Series of Underground Oratorios)
Nr.TittelLengd
1.«America Drinks»1:52
2.«Status Back Baby»2:52
3.«Uncle Bernie's Farm»2:09
4.«Son of Suzy Creamcheese»1:33
5.«Brown Shoes Don't Make It»7:26
6.«America Drinks & Goes Home»2:43
CD-utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Plastic People»3:42
2.«The Duke of Prunes»2:13
3.«Amnesia Vivace»1:01
4.«The Duke Regains His Chops»1:52
5.«Call Any Vegetable»2:15
6.«Invocation & Ritual Dance of the Young Pumpkin»7:00
7.«Soft-Sell Conclusion»1:40
8.«Big Leg Emma»2:31
9.«Why Don'tcha Do Me Right?»2:37
10.«America Drinks»1:53
11.«Status Back Baby»2:54
12.«Uncle Bernie's Farm»2:10
13.«Son of Suzy Creamcheese»1:34
14.«Brown Shoes Don't Make It»7:30
15.«America Drinks & Goes Home»2:45

Medverkande endre

The Mothers of Invention
Andre medverkande

Produksjon endre

  • Produsentar: Frank Zappa, Tom Wilson
  • Lydteknikar: Val Valentin
  • Lydteknnikar: Ami Hadani
  • Miksing: David Greene
  • Arrrangør: Frank Zappa
  • Plateomslag: Ferenc Dobronyi, Cal Schenkel
  • Plateomslag: Frank Zappa
  • Fotografi: Alice Ochs
  • Fotografi: Jerry Deiter

Salslister endre

År Liste Plassering
1967 US Billboard 200 41

Kjelder endre

  1. Huey, Steve. «Absolutely Free – The Mothers of Invention | AllMusic». allmusic.com. Henta 18. mai 2014. 
  2. Christgau, Robert (desember 20, 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 18. mai 2014. 
  3. Couture, François. «Brown Shoes Don't Make It - The Mothers of Invention,Frank Zappa | Listen, Appearances, Song Review | AllMusic». allmusic.com. Henta 8 desember 2013. 
  4. Billy James, Necessity Is...: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention, SAF Publishing Ltd (2001), p51, ISBN 978-0-946719-14-3

Bakgrunnsstoff endre