Motorblokk er den berande delen i stempelmotorar, plassert under topplokket. Ho inneheld sylindrar og kjølekappe. På toppen av blokka sit topplokket og på undersida botnpanna. Veivakselen er opplagra i blokka, og på moderne motorar er det som oftast eit lager mellom kvar sylinder, i tillegg til eit på kvar ende av veivakselen.

Motorblokka til ein V6-motor.

Blokka tener òg som feste for kopplingshuset og registerhjula. Komponentar som vasspumpa på motorar med væskekjøling, innsprøytingspumpa, forgassar, dynamo, startmotor, fordelar, olje- og drivstoffilter er ofte festa på blokka.

I dieselmotorar, som har større sylindertrykk enn forgassarmotorar, er blokka kraftigar bygd. Tidlegare førete dette til at massen vart mykje større enn for ein tilsvarande forgassarmotor, men utviklinga innan materialteknologi førte etter kvart til ein reduksjon i massen til blokka, slik at dieselmotorar kunne nyttast som kjøretøymotorar, fyrst i traktorar og lastebilar og seinare i personbilar.

Mange traktorar har ikkje ramme og motorblokka utgjer då ein bærande del av konstruksjonen.