Forgassarmotorar er stempelmotorar med innvendig forbrenning, der flytande drivstoff vert omdanna til gass og blanda med innsugingslufta før den brennbare gassen vert ført inn i forbrenningskammret (sylinderen). Det flytande drivstoffet vert omdanna til gassform i forgassaren, som er plassert på innsugningsmanifolden. Før forgassaren står det eit luftfilter, som fjernar støvpartiklar frå lufta. Forgassarmotorar kan vera firetaktsmotorar eller totaktsmotorar. Firetakts forgassarmotorar vert ofte kalla Ottomotorar.

Ein Garnelli Cross forgassarmotor frå 1968.

Termodynamisk syklus endre

 
Beau de Rochas-syklusen.

Dei aller fyrste forgassarmotorane arbeidde etter Lenoir-syklusen, men etter at Christian Reithmann i 1860 laga den fyrste firetaktsmotoren har firetakts forgassarmotorar arbeidd etter Beau de Rochas-syklusen. Etter at Dugald Clerk i 1888 laga ein totaktsmotor som nytta trykket i veivhuset til å fylla sylinderen har òg totakts forgassarmotorar arbeidd etter Beau de Rochas-syklusen.

Kompresjonstilhøve endre

Kompresjonsforholddet kan ikkje vera for høgt, etter som gassblandinga i sylinderen då vill ta til å sjølvtenna og gje motorbank. Etter som ulike drivstofftypar har ulike oktantal må kompresjonsforholdet avpassast etter drivstofftypen. Parafinmotorar kan ha så lågt kompresjonsforhold som 4,5:1, medan eldre motorar beregna på lågoktan bensin kunne ha kompresjonsforhold frå 6,5:1 til 7:1. Moderne bensinmotorar har ofte kompresjonsforhold på 8:1 til 10:1 og nokre rasermotorar som nyttar spesialdrivstoff kan ha kompresjonsforhold heilt opp til 12:1. Verkningsgraden aukar når kompresjonsforholdet aukar og forgassarmotorar har lågare verkningsgrad enn dieselmotorar, som har opp til dobbelt så stort kompresjonsforhold som bensinmotorar.

Drivstoff endre

Forgassarmotorar kan vera bensinmotorar eller parafinmotorar. Den vanlegaste typen drivstoff er bensin, men i perioden frå 1. verdskrig og fram til 1950-talet var parafin eller traktorbensin ofte nytta som drivstoff for traktormotorar, på grunn av at det ikkje var avgift på parafin.

Tenning endre

Forgassarmotorar syg inn ei brennbar blanding av drivstoff og luft, som vert sett fyr på av ein elektrisk gneiste. Dette vert ofte kalla framandtenning. For at gneisten skal kunna setta fyr på gassen kan ikkje forholdet drivstoff/luft vera for lågt. Forgassarmotorar har difor eit spjeld i forgassaren (gasspjeldet), eller i innsugningsmanifolden på direkteinnsprøyta motorar, som struper innløpet og avgrensar kor mykje brennbar gass som vert sleppt inn i sylindrane. Dette står i sterk kontrast til direkteinnsprøyta motorar, der det berre er drivstoffmengda som vert variert.

For å generera ein elektrisk gneiste vert tennpluggane kopla til ein høgspenningsgenerator på rett tidspunkt. Høgspenning vart generert ved å lagra elektrisk energi i ein spole når det flyt ein elektrisk straum i ein krins og så prutseleg bryta krinsen ved å opna ein brytar (stiftane). Når krinsen vert broten tek den elektriske energien den vegen som har minst impedans, som er gapet mellom stiftane på tennpluggen. Tidlegare vart det nytta ein roterande fordelar med ein brytar som slutta/braut den elektriske krinsen og kopla til rett tennplugg. Men på moderne forgassarmotorar vert det nytta elektronisk tenning, som er både er meir nøyaktig og meir påliteleg.

Soge endre

Det var Jean-Joseph Étienne Lenoir som i 1863 utvikla ein forgassar og gjorde det mogleg å nytta flytande drivstoff. Det var òg Lenoir som i 1876 tok til å nytta elektriske tennpluggar for å tenna den brennbare gassblandinga i sylinderen, men Alessandro Volta hadde nytta ein elektrisk gneiste til å setta fyr på brennbar gass alt i 1780.

Utbreiing endre

 
Fordson F med Herkules parafinmotor.

Fram til slutten av 1970-talet var så godt som alle personbilar utstyrte med bensinmotorar. Før 1950-talet hadde òg mange nyttekøyretøy, som lastebilar, anleggsmaskinar og traktorar, bensinmotorar, men dieselmotorar tok etter kvart over i tyngre køyretøy. Frå 1950-talet tok dei meir effektive dieselmotorane over for drivkjelde i tunge køyretøy.

Med nokre få unntak nyttar alle motorsyklar og mopedar bensin som drivstoff. Det same gjeld hagebruksreiskapar, små innanbords båtmotorar, påhengsmotorar, propellfly og så vidare.

Sjå òg endre