Motstandsmannen Helge Hansen

norsk politikar

Helge Hansen (3. juli 192313. februar 2003) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen. Han var leiar av ei av dei kommunistiske motstandsgruppene i Saborg og utførte sabotasjeaksjonar, mellom anna mot den tyske knottfabrikken i Hillevåg 29. november 1944.[1] Ifølgje Egil Ulateig var sprenginga av knottfabrikken bortkasta fordi ho ramma alle andre enn okkupasjonsmakta.[2]

Helge Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juli 1923
Død

13. februar 2003 (79 år)
Stavanger kommune

Yrke politikar
Politisk parti Norges Kommunistiske Parti, Arbeidarpartiet
Far Peder Håkon Jarl Hansen

Dei to første krigsåra var Hansen XU-agent. Han blei arrestert 15. november 1942 og rømde nyttårsafta.[3] Hansen oppheldt seg i Sverige til sommaren 1944 og fekk der opplæring i våpenbruk og sabotasje. 26. januar 1945 blei han avslørt av ein Stapo-offiser, skoten og såra.[4]

Personleg liv

endre

Hansen blei fødd i 1923 som son av Peder Håkon Jarl Hansen (1890–1986) og Sigrid Berger (1898–1994). Familien busette seg i Stavanger, og han gjekk på Stavanger katedralskule då andre verdskrigen braut ut. Faren hans, som var medlem av Norges Kommunistiske Parti, blei fengsla og internert i Sachsenhausen konsentrasjonsleir under krigen.[5] Broren hans, Johan, blei sendt til Nacht und Nebel-leiren Natzweiler.[6] Han var òg bror til den seinare politikaren og regjeringsministeren Vesla Vetlesen.

Andre verdskrigen

endre

Under andre verdskrigen, medan familien hans budde i Stavanger, blei Hansen engasjert både i etterretningsarbeid og produksjon av illegale aviser.[7] Han blei arrestert av Gestapo i november 1942 og fengsla i Lagårdsveien fengsel. Hansen blei kjend for flukta si frå varetekt i desember 1942 og klarte å rømme til Sverige.[8] I Sverige blei han trena i våpenbruk og sabotasje. Han vende tilbake til Stavanger i september 1944 med mål om å etablere ei sabotasjegruppe i Stavanger-distriktet.[9] Den 29. november 1944 blei fabrikken Hillevåg Knottfabrikk brend ned av gruppa.[10] Kort tid etter blei dei to einaste likvidasjonane i Stavanger-distriktet utførte, då informanten Herbert Geicke og Stapo-torturisten Leonard Wickstrøm blei skotne.[11][12]

Etter å ha vore involvert i ei skotveksling den 15. januar 1945, der han blei treft i skuldra, bestemte han seg for å forsøkje å rømme til Sverige ved å krysse fjella på ski. Under denne reisa kom han over Knut Haukelid si Milorg-gruppe. Han slutta seg til Haukelid si gruppe og deltok i Operasjon Sunshine, ein anti-sabotasjeoperasjon meint å verne essensiell norsk industri mot mogleg tysk sabotasje mot slutten av krigen.[13]

Seinare karriere

endre

Etter krigen engasjerte Hansen seg i politikken. Han blei vald inn i Stavanger bystyre som representant for Kommunistpartiet. Seinare blei han utvist frå Kommunistpartiet, og nokre år seinare blei han medlem av Arbeidarpartiet. Han fullførte utdanninga si som kjemikar i Stockholm. Frå 1947 arbeidde han ved såpefabrikken Nordkronen i Stavanger, først som kjemikar og seinare som leiar for fabrikken.[14]

Kjelder

endre
  1. Død over de tyske okkupanter: de norske kommunistenes motstandskamp 1940–1945. Informasjonsforl. 1998. ISBN 8299485908. 
  2. Ulateig, Egil (1996). Med rett til å drepe. Tiden. ISBN 8210041657. 
  3. Berg, Rolf (1972). Militær motstand i Rogaland og Vestfold. Universitetsforlaget. ISBN 8200070263. 
  4. Schanche, Gerd (1979). Stritt folk. Dreyer bok. ISBN 82-7096-070-5. 
  5. Børre R. Giertsen, red. (1946). "5976. Hansen, Peder". Norsk fangeleksikon. Grinifangene. Oslo: Cappelen. p. 217.
  6. Børre R. Giertsen, ed. (1946). "4306. Hansen, Johan Bernhard". Norsk fangeleksikon. Grinifangene. Oslo: Cappelen. p. 157.
  7. Vetlesen 2008: s. 15-21
  8. Stahl 1962: s.186-188
  9. Schanche 1979: s. 234-242
  10. Stahl 1962: s. 252-255
  11. Stahl 1962: s. 255-257
  12. Moland 1999: s. 157-160
  13. Stahl 1962: s. 262-264
  14. Vetlesen 2008: s. 167-168