Nacht und Nebel (norsk 'Natt og tåke' ) var eit program for utsletting av motstandarar av nazismen.

Fangedrakt frå Dachau konsentrasjonsleir merket med rau triangel for «politisk fange», B for «belgisk» og NN (etter fangenummeret) for Nacht und Nebel.

Programmet vart sett i gang ved Führerlass, forordning frå Føraren Adolf Hitler, den 7. desember 1941. Formålet var at politiske aktivistar skulle forsvinne i tyske leirar. Av dette kjem uttrykket NN-fange. NN-fangane skulle arbeide seg til døde ved å gjere hardt fysisk arbeid på minimale matrasjonar. Av kjente norske NN-fangar var Trygve Bratteli, Osmund Faremo, Kristian Ottosen, Henriette Bie Lorentzen og Nils Onsrud.

Natt og tåke (fransk: Nuit et brouillard) var òg tittelen på ein dokumentarkortfilm med referanse til konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen, med den franske Alain Resnais som regissør.

Kjelder endre