Opna hovudmenyen

Motstandstermometer er eit instrument for måling av temperatur, basert på at resistansen (den elektriske motstanden) i ein metalltråd endrar seg med temperaturen. For nøyaktig temperaturmåling blir det brukt motstandselement av platina eller legeringar, t.d. platina-rhodium. Ved låge temperaturar blir det brukt bly eller germanium. Ein oppnår stor kjenslevarleik med motstandstermometer av halvleiarmateriale med stor negativ temperaturkoeffisient (termistorar).

KjelderEndra