Mount Ahab
Mount Ahab er eit kjenneleg fjell på 925 moh som ligg mellom den nedre delen av Mapplebreen og Melvillebreen på austkysten av Graham Land. Fjellet vart grovt kartlagd i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey og vart kartlagd på ny i 1955. Namnet vart flytta på kartet etter ei kartlegging av British Antarctic Survey i 1962. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter kaptein Ahab som hadde ei sentral rolle i Herman Melville-romanen Moby-Dick.
Mount Ahab | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 925 moh. | ||
- koordinatar | 65°26′S 62°11′W / 65.433°S 62.183°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Ahab 65°26′00″S 62°11′00″W / 65.433333333333°S 62.183333333333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ahab, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).