Mount Berry i Antarktis
Mount Berry er eit fjell 5 km søraust for Baldwin Peak, nær toppen av Cayleybreen nord i Graham Land. Det vart fotografert av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE) i 1956-57, og kartlagd frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Fjellet vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960 etter Albert Berry, det første mennesket som i 1912 hoppa frå eit fly med fallskjerm.
Mount Berry | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°26′S 60°43′W / 64.433°S 60.717°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Berry i Antarktis 64°26′00″S 60°43′00″W / 64.4333°S 60.7167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Berry» (innhald frå Geographic Names Information System).