Mount Bradley
Mount Bradley er eit pyramideforma fjell, 835 moh, ved søraustenden av ein fjellrygg som stig ned frå Detroit Plateau, som ragar over Znepole forlandsbre i aust og Dreatinbreen i sørvest. Fjellet er 4 nautiske mil sørvest for Mount Reece sør på Trinityhalvøya. Det vart kartlagd i 1945 av Falkland Islands Dependencies Survey, som namngav det etter K.G. Bradley, sjefssekretær på Falklandsøyane på den tida.[1]
Mount Bradley | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Trinityhalvøya | ||
• høgd | 835 moh. | ||
- koordinatar | 63°53′S 58°37′W / 63.883°S 58.617°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Bradley 63°53′00″S 58°37′00″W / 63.8833°S 58.6167°W | |||
Plasseringa til Trinityhalvøya.
| |||
Kjelder
endre- ↑ «Bradley, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. mars 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bradley, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).