Mount Calvin
Mount Calvin er eit fjell på over 1600 moh, som ligg 4 nautiske mil søraust for Pilon Peak i den sørlege delen av Everett Range. Det vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og frå flyfotografi teken i U.S. Navy, 1960–63, og kalla opp etter løytnant Calvin Luther Larsen i US Navy, som var navigatør og fotografisk offiser i U.S. Navy-skvadron VX-6 i løpet av Operasjon Deep Freeze 1969. Han overvintra ved Little America V i 1957. Advisory Committee on Antarctic Names nytta fornamnet til Larsen for å unngå å forveksle det med andre fjell i Antarktis.[1]
Mount Calvin | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Everett Range | ||
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 1 600 moh. | ||
- koordinatar | 71°17′S 165°6′E / 71.283°S 165.100°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Calvin 71°17′00″S 165°06′00″E / 71.2833°S 165.1°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Calvin, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 2. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Calvin, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).