Mount Gardiner
Mount Gardiner er eit ryggliknande granittisk fjell, 2480 moh, som ligg 3 nautiske mil aust for Mount Ruth og like sør for samløpet mellom Bartlettbreen og Scottbreen i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen under Quin Blackburn, og vart namngjeve av Richard E. Byrd etter Joseph T. Gardiner i Wellington på New Zealand, som var agent for Byrd-ekspedisjonane i 1928–30 og 1933–35.[1]
Mount Gardiner | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 2 480 moh. | ||
- koordinatar | 86°19′S 150°57′W / 86.317°S 150.950°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Gardiner 86°19′00″S 150°57′00″W / 86.3167°S 150.95°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gardiner, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gardiner, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).