Guernsey
Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey. Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.
Flagg | Riksvåpen |
Status | Britisk kroneigedom |
---|---|
Førsteminister (chief minister) | Peter Harwood |
Hovudstad | St Peter Port |
Offisielt språk | Engelsk, fransk, dgèrnésiais |
Areal - % vatn |
78 km²
|
Folketal - totalt |
ca. 65 573 (2007) |
Verdsdel | Europa |
Internet-domene | .gg |
Tidssone | UTC 0 |
Internasjonal telefonkode | +44-1481 |
Nasjonalsong | God Save The Queen og Sarnia Cherie |
Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.
PolitikkEndra
Guernsey er ein bailiwick (fogdesokn) med dronning Elisabeth II som statssjef. Dronninga er representert i fogdesoknet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Deliberation, som består av fogden (Bailiff), generaladvokaten, generalsakføraren, 45 valde folkerepresentantar og to representantar frå Alderney.
Regjeringa til Guernsey vert leia av ein statsminister vald av States of Deliberation.
Det er ingen politiske parti på Guernsey.
TransportEndra
Det finst hamner i sokna St Peter Port og St Sampson. Guernsey har òg to flyplassar (Guernsey Airport og Alderney Airport) og 5 km jernbane i Alderney.
Administrativ inndelingEndra
Administrativt er øya Guernsey delt inn i ti sokn.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell side
- Turistside
- This Is Guernsey - informasjon og nyhende frå Guernsey Press and Star
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Guernsey» frå Wikipedia på engelsk, og «Guernsey» frå Wikipedia på bokmål den 4. februar 2010.