Mount Hassel
Mount Hassel er eit fjell på 2390 moh. og den nordaustlegaste toppen i massivet ved toppen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella i Antarktis. I november 1911 vart fleire fjell i dette området observert og grovt plassert på kartet av Roald Amundsen og laget hans på veg til Sørpolen. Amundsen kalla eit av dei opp etter Sverre Hassel, eit medlem av gruppa. Fjellet vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960–64. For å bevare namnet i området og til minne om den norske utforskinga av området, valde Advisory Committee on Antarctic Names ut dette fjellet for namnet Mount Hassel. Andre fjelltoppar i massivet er kalla opp etter andre medlemmar av gruppa som følgde Amundsen til Sørpolen.[1]
Mount Hassel | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 2 390 moh. | ||
- koordinatar | 86°28′S 164°28′W / 86.467°S 164.467°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Hassel 86°28′00″S 164°28′01″W / 86.4667°S 164.467°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hassel, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 23. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hassel, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).