Mount Hemphill
Mount Hemphill er eit snødekt fjell som stig over 1800 moh. i den sørlege delen av Anare Mountains i Antarktis. Det ligg mellom toppen av McLeanbreen og Ebbebreen. Fjellet vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960–63, og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Harold S. Hemphill i US Navy, ein fotografisk offiser med skvadron VX-6 i Antarktis, 1962–63 og 1963–64.[1]
Mount Hemphill | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 1 800 moh. | ||
- koordinatar | 70°59′S 165°6′E / 70.983°S 165.100°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Hemphill 70°59′00″S 165°06′00″E / 70.98333333°S 165.1°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hemphill, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 9. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hemphill, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).