Mount Kring
Mount Kring er ein spiss nunatak heilt nord og øvst ved Davidbreen i Oates Land, 13 nautiske mil (24 km) sørvest for Mount Wood i Victoria Land. Han hadde ikkje vore kartlagd då han i lag med Mount Wood vart nytta som eit referansepunkt under opprettinga av ei feltgruppe frå US Antarctic Research Program (USARP) den 6. november 1962. Han vart namngjeven av D.B.McC. Rainey frå kartografiavdelinga til det newzealandske departementet for landmåling etter stabssersjant Arthur L. Kring i United States Marine Corps (USMC), som var navigatør på mange flyturar for skvadron VX-6 i 1962-63 då feltgrupper frå New Zealand fekk hjelp av denne skvadronen.
Mount Kring | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Oates Land | ||
- koordinatar | 74°59′S 157°54′E / 74.983°S 157.900°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Kring 74°59′00″S 157°54′00″E / 74.9833°S 157.9°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Kring» (innhald frå Geographic Names Information System).