Mount Martin i Antarktis
Mount Martin er eit fjell på 1360 moh. som ligg like nord for toppen av Anthonybreen på austkysten av Palmer Land i Antarktis.
Mount Martin | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 1 360 moh. | ||
- koordinatar | 69°40′S 62°59′W / 69.667°S 62.983°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Martin i Antarktis 69°40′00″S 62°59′00″W / 69.6667°S 62.9833°W | |||
Fjellet har store klipper på søraustsida. Det ligg i utkanten av eit område utforska av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936, og vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940. I 1947 vart fjellet fotografert frå lufta av medlemmar av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), under Finn Rønne, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla det frå bakken. Det vart namngjeve av Rønne etter Orville Martin, ein elektrikar som var med på å skaffe radioutstyr til Ronne-ekspedisjonen.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Martin i Antarktis» (innhald frå Geographic Names Information System).