Mount Ness
Mount Ness er eit fjell på 1890 moh. i Antarktis. Det er det nordlegaste av Batterbee Mountains, og står 9 nautiske mil (17 km) nordaust for toppen av Mount Bagshawe og 14 nautiske mil (26 km) innover frå George VI Sound på vestkysten av Palmer Land. Fjellet vart oppdaga og fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth, og vart kartlagd frå bilete av W.L.G. Joerg. Det vart kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954 etter Patrick Ness, som støtta BGLE økonomisk, 1934-37.
Mount Ness | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Batterbee Mountains | ||
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 1 890 moh. | ||
- koordinatar | 71°20′S 66°52′W / 71.333°S 66.867°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Ness 71°20′00″S 66°52′00″W / 71.3333°S 66.8667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Ness» (innhald frå Geographic Names Information System).