Mount Rutford
Mount Rutford er eit spisst fjell i Antarktis med ei høgd på 4477 moh. Det er det det høgaste punktet i Craddock Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Fjellet ligg like nord for Bugueño Pinnacle og 3,4 km nord for Mount Craddock. Før 2006 hadde ikkje toppen noko namn, men vart visuelt identifisert av Camilo Rada og Damien Gildea som høgare enn Mount Craddock då dei vitja både Vinson (2004) og Craddock (2005). Då dei kom attende i 2006 målte dei høgda på denne toppen.
Mount Rutford | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Sentinel Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
• høgd | 4 477 moh. | ||
- koordinatar | 78°36′S 85°18′W / 78.600°S 85.300°W | ||
Førstestiging | Jed Brown desember 2006 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Rutford 78°36′S 85°18′W / 78.6°S 85.3°W | |||
Toppen fekk i 2006 namn av US-ACAN etter Robert H. Rutford, som var medlem av den geologiske ekspedisjonen til J. Campbell Craddock frå University of Minnesota til Ellsworth Mountains i 1962–63; leiar for ekspedisjonen til University of Minnesota til Ellsworth Mountains 1963–64; og direktør i Division of Polar Programs 1975–77; og direktør i SCAR (Scientific Committee on Antarctic Research).
Kjelder
endre- USGS GNIS. «Mount Rutford». Arkivert frå originalen 2. juni 2021. Henta 2. mars 2013.