Mount Sladen
Mount Sladen er eit kjenneleg pyramideforma fjell, 890 moh, som ligg 1,5 nautiske mil (28 km) nordaust for Saunders Point aust på Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948-49. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter dr. William J.L. Sladen frå FIDS, militærlege og biolog ved Hope Bay i 1948, og ved Signy Island i 1950. I løpet av 1960-åra og 1970-åra var dr. Sladen sjefsforskar for US Antarctic Research Program (USARP) sine studiar av pingvinar ved Cape Crozier på Ross Island.
Mount Sladen | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Sør-Orknøyane | ||
• høgd | 890 moh. | ||
- koordinatar | 60°41′S 45°17′W / 60.683°S 45.283°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Sladen 60°41′00″S 45°17′00″W / 60.6833°S 45.2833°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Sladen» (innhald frå Geographic Names Information System).